Born og unge

Grannehjelpa arrangerer fleire aktivitetar for born og unge. I samarbeid med andre organisasjonar, lag og privatpersonar vert det lagd til rette for både større og mindre fritidstilbod. Somme tek stad årleg, medan andre er vedvarande.

Eit av dei mest populære arrangementa – med over 1000 besøkarar kvart år – er familiefestivalen Bornas verdsdag. Verdsdagen inviterer store og små til å vera med på ei reise jorda rundt – og det heilt utan å forlata Kvam. Gjennom musikk, dans, eventyrstunder, kreative krumspring og mat får dei besøkande bli kjende med land og kulturar dei kanskje ikkje visste så mykje om frå før. Her er det nye opplevingar å ta del i kvart år! Tilstelninga tek stad over éin dag kvar haust, er gratis, og har inga aldersgrense.

Tiltaket Ferie for alle er eit aktivitetstilbod som går over to veker kvar sommar. Tilbodet høver godt for dei som er for gamle for Ferieklubben, eller som har avgrensa moglegheiter til å reisa på sommarferie. Aktivitetane varierer frå år til år, men det er alltid noko for ein kvar smak. Med god hjelp frå frivillige har det tidlegare vorte arrangert handarbeidsverkstad, friluftslivsaktivitetar, brevandring på Folgefonna, golf, gardsbesøk, kino og vikingtokt. Nokre av aktivitetane har eit avgrensa tal plassar, så det er lurt å melda seg på i god tid på førehand. Det aller meste er gratis å vera med på, men nokre arrangement har ein liten eigenandel. Følg med på nettsidene eller Facebook for fullt progam!

Som ei utviding av Ferie for alle, vart det oppretta eit tiltak for å kunna tilby born og unge frå ti til 18 år gratis fritidsaktivitetar heile året gjennom. Under namnet Ung fritid vert det arrangert aktivitetar med jamne mellomrom. Tilboda kan rangera frå friluftsliv og fisking via bowling og bordtennis til hobbyverkstad og kino. Det har også vorte arrangert turar til Bergen på teater. Alle aktivitetane er gratis, men somme krev påmelding. Som med Ferie for alle, er det eit avgrensa tal plassar på nokre aktivitetar, og det er difor lurt å vera ute i god tid. For å halda deg oppdatert på kva som skjer, kan du sjå kalenderen til Grannehjelpa eller følgja Ung fritid i Kvam si Facebook-side.