Prisløna føredragshaldar Milad Mohammadi til KvammaVEKO 2017

Prisløna føredragshaldar Milad Mohammadi til KvammaVEKO 2017

For Milad Mohammadi stod valet mellom å ta sitt eige liv eller å bli eit fantastisk menneske. Han må ha vald det sistnemnde, for til hausten vitjar den prisløna føredragshaldaren Kvam og KvammaVEKO. Med seg har han ein enkel, men viktig bodskap: at ulikskapen vår også er den største moglegheita vår.

Milad, som vart fødd i Iran i 1989, måtte allereie som to-åring flykta saman med familien til Vesterås i Sverige. Oppveksten i det svenske samfunnet var ikkje enkel. Han såg kva utfordringar foreldra møtte – korleis dei vart halde utanfor det allmenne, all motstanden dei møtte på arbeidsmarknaden, korleis dei strevde med å finna sin plass. Sjølv, opplevde han å verta diskriminert, og følte seg ofte annleis og einsam. Å stå slik på utsida, tende ein gnist i han: han skulle endra haldningane til folk, og skapa nye samfunnsstrukturar. Allereie som 22-åring vart han den yngste i Sverige som var utdanna både som jurist og statsvitar.

Sidan den gong, har han utvikla samfunnsløysingar med leiiande aktørar innan mangfald og integrering, og halde føredrag for politikarar og næringslivstoppar. Han har inspirert makthavarar til å sjå sitt eige sosiale ansvar, og vorte lovprisa av kjende forretningsmogular som Petter Stordalen. Milad har også motteke utmerkingar som «Årets Talare», «Sveriges Supertalang», «Sveriges Superkommunikatör» og «Morgondagens Ledare». Med brennande engasjement og sylskarp kommunikasjon, er han i dag vorte ein av dei mest etterspurde føredragshaldarane i Norden.

Sjølv om han har påvirka store verksemder til å føra ein meir inkluderande politikk, er han vel så oppteken av å motivera ungdom til å sjå sitt eige potensial og verdi. Skal ein skapa endring i samfunnet, må ein starta med dei unge. Når Milad snakkar til ungdomen, oppfordrar han til å drøyma stort og jobba hardt. Han har ein visjon om at utdanning er ein av vegane til god sjølvkjensle, og ynskjer difor å byggja opp ungdomen gjennom jamstilte utdanningsmoglegheiter.

I fjor haust opna han til og med sin eigne vidaregåande skule. Järvaskolan ligg i Kista i Stockholm, ein bydel som er kjend for å ha eit høgt tal innbyggjarar med innvandrarbakgrunn og ein vanskelegstilt sosio-økonomi. Skulen er tufta på ein modell som set fokus på at eleven sine framtidsprospekt ikkje skal vera avhengige av foreldra sine ressurssar – det vera seg økonomiske, sosiale, språklege eller faglege.

Når Milad kjem til Kvam i haust, er det utan PowerPoint-presentasjon og tunge faglege omgrep. Milad opnar opp for dialog og samspel med tilhøyrarane ved å snakka engasjert og rett frå hjarta. Med sin eigen historie i sentrum, vert det rom for både latter og tårer, så vel som lærdom. For sjølv om historia hans må seiast å vera ei suksesshistorie, har den ei heller dyster byrjing. Ei ungdomstid sterkt prega av psykiske problem kulminerte til slutt i at han ikkje såg nokon annan utveg enn å ta sitt eige liv.

Redninga kom i form av ein stormannsgal draum: han skulle bli det mest fantastiske mennesket i verda. Han skulle gjera ein reell skilnad – for dei som vert halde utanfor samfunnet, for dei som vert diskriminert, for dei som ikkje får dei moglegheitene dei fortener på grunn av sin etniske og sosio-økonomiske bakgrunn. I dag har han absolutt gjort ein slik skilnad. Når Milad snakkar, lyttar folk – om dei er politiske makthavarar, mektige næringslivsaktørar eller ungdom. Den uhøgtidlege talarstilen og dei sterke kjenslene gjev gjenklang når han legg fram tesen om at «like barn leikar best, men ulike barn finn på dei beste leikane».

KVAMMAveko er den årlege markeringa av verdsdagen for psykisk helse. I år er tema «Noko å gleda seg over». Veko er i år 16. – 21. oktober.

Tekst: Helena Rykkje

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *