Kvinnegruppa søkjer norske deltakarar

Kvinnegruppa søkjer norske deltakarar

Den internasjonale kvinnegruppa er attende i si faste rutine etter sommarferien. Gruppa har i det siste hatt variabel oppslutnad, og då spesielt blant etnisk norske kvinner. Ved sist samling var i alt ti kvinner til stades, derav eit overveldande fleirtal med innvandrarbakgrunn. Behovet for fleire deltakarar som har norsk som morsmål har gjort seg gjeldande, og Grannehjelpa søkjer no kontakt med deg som vil vera ein samtalepartnar for dei som ynskjer å øva på norsk språk.

Så, kva er kvinnegruppa? Kva kan eg bidra med?

Kvinnegruppa er ein møtestad for alle kvinner, uavhengig av etnisk bakgrunn, religion og politisk standpunkt. Gruppa har som føremål å knyta kontakt mellom kvinner frå ulike kulturar, og bidra til betre integrering av innvandrarkvinner. Ved å skapa eit sosialt nettverk og ein stad der innvandrarkvinner kan læra og praktisera norsk språk, er målet å auka inkluderinga i lokalmiljøet.

Å delta i kvinnegruppa er sosialt, lærerikt og veldig hyggjeleg. Her varierer aktivitetane frå gong til gong, og det er fritt fram for å koma med forslag. Handarbeid, hobbyverkstad og matlaging pleier å vera populære gjengangarar. Det same gjeld små utflukter til diverse stadar i nærområdet. Gruppa har blant anna vitja musea i bygdene, vore på tur til Bergen, og til og med fått omvising på Statsraad Lehmkuhl. Planen for hausten er enno ikkje ferdigstilt, men det er teke sikte på å få besøk frå offentlege tenester som brannvesen, helsesøster og barnevern, laga mat frå alle nasjonalitetane som er representert i gruppa, samt driva med kreative aktivitetar som handarbeid, hobbyverkstad og måling – og ikkje minst, snakka mykje saman!

Som frivillig i kvinnegruppa vil du fungera som ein samtalepartnar og aktiv del av gruppa. Det er det heile. Du får ikkje noko ansvar, og du forpliktar deg heller ikkje til nokon. Gruppa krev inga påmelding, så det er berre til å møta opp når det måtte høva. Dersom du er nyfiken, er du hjarteleg velkomen til å ta ein tur innom for å sjå korleis me har det!

Kvinnegruppa held til på Gamleskulen kvar tysdag frå klokka 11.00 til 14.00.
Ynskjer du meir informasjon, kan du ta kontakt med Rut på Grannehjelpa.

 

 

3 thoughts on “Kvinnegruppa søkjer norske deltakarar

  1. skal tenke på det kan passa kl. 11.på tysdagar då er eg i Nhs . . er ganske god på handarbeid. har laga mykje mat gjennom eit langt liv med storfam. skriv ein del , og er på fb.( venn med sidsel ). er 75 år, så de vil gjerne ha yngre inn. bur i Tørvikbygd

  2. Hei Berit! Så kjekt at du har lyst til å vera med i Kvinnegruppa! Du er hjarteleg velkomen på tysdagar kl.11-14 i Gamleskulen på Norheim! Helsing Rut i Grannehjelpa

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *