Lei av å eta middag aleine? Bli med i Grannelaget!

Lei av å eta middag aleine? Bli med i Grannelaget!

I haust har Grannehjelpa gleda av å introdusera eit heilt nytt tilbod til eldre. Tiltaket Grannelaget er oppretta i samarbeid med Thon Hotell Sandven, og er det fyrste av sitt slag. Kvar siste onsdag i månaden opnar nemleg hotellet sin eigen restaurant, og inviterer til seniormiddag!

Idéen er enkel: dei fleste av oss likar å eta middag saman med andre. Mange saknar nokon å dela eit måltid med, medan andre er glade i store selskap. Kanskje er du blant dei som berre synest maten smakar betre i sosialt lag? Uansett kva det måtte vera, er det noko spesielt ved det å samlast rundt god mat.

Ved å tilby felles seniormiddag, håpar Grannehjelpa å skapa gode opplevingar gjennom det å møtast over dagens viktigaste måltid. Fellesskap og samtale rundt middagsbordet er eit høgdepunkt i kvardagen for mange, og skapar glede. I så måte, høver Grannelaget like godt for dei som kan vera ein samtalepartnar for andre, som for dei som ynskjer selskap til maten.

Å vera med i Grannelaget er enkelt. Du melder deg på dei gongane du har lyst å vera med, og treng ikkje melda frå om det ikkje høver. Til ein hyggjeleg pensjonistpris på 200 kr,- møter du opp til duk og dekt bord, og får servert middag, dessert og kaffi. Kva som står på menyen varierer sjølvsagt frå gong til gong. Har du allergiar eller følgjer ein spesiell diett, vil menyen verta kunngjort i god tid på førehand, slik at du kan ta atterhald om du vil vera med eller ikkje.

At det er stor interesse for konseptet seniormiddag, har synt seg tydeleg. Ved fyrste samling i september møtte 68 gjestar opp! – ein overveldande god oppslutnad for eit fyrstegongstiltak. Før jul er det planlagd to møter til – onsdag 25. oktober og onsdag 29. november – men fortset oppmøtet å halda høg standard er det mykje mogleg at tilbodet vert fornya over nyåret.

Grannelaget er ope for alle eldre som likar å eta god mat i godt lag. Kom som du er, ta med nokon du kjenner eller kom aleine, triveleg vert det uansett!

Grannelaget, seniormiddag på Thon Hotell Sandven
Tid:
 onsdag 25. oktober, onsdag 29. november. Klokka 16.00
Påmelding: seinast måndagen før arrangementet. Påmelding gjerast til Grannehjelpa. Du kan melda deg på via:
telefon/SMS: 901 22 688
e-post: post@grannehjelpa.no
eller koma innom i lokala i Sandvenvegen 1B.

Neste Grannelag tek stad onsdag 25. oktober. Då vert det laks med poteter og rømme til middag.

Velkomen og bon appétit!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *