Bli med på AlleMed: Idédugnad om fritidsaktivitetar for born og unge

Bli med på AlleMed: Idédugnad om fritidsaktivitetar for born og unge

Forsking og statistikk syner at stadig fleire born opplever å stå utanfor fellesskapet på grunn av økonomiske barrierar. Sånn er det òg her i Kvam. Me ynskjer at alle våre born skal ha ei meiningsfull og aktiv fritid med meistring, fellesskap og vener, og inviterer difor til dialogmøte og idédugnad kring tema som ung fritid og inkludering.

Målet er å finna gode løysingar på korleis me i Kvam kan jobba saman for å få alle med i fritidsaktivitetar. I dugnaden brukar me informasjons- og handlingsverktøyet ALLEMED.

Tid: tysdag 6. mars, kl. 19.00
Stad: Grannehjelpa, Sandvenvegen 1B, Norheimsund

Påmelding til post@grannehjelpa.no innan 2. mars. Dugnaden er open for alle som er opptekne av tematikken, det vera seg foreldre, tilsette i skulen, lag og organisasjonar som arrangerer fritidsaktivitet for born og unge, eller du som berre har eit brennande engasjement for at alle born skal få vera med. Møtet startar med kveldsmat.

Dugnaden er i regi av Kvam herad i samarbeid med Grannehjelpa.

VELKOMEN!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *