Treng du digitalt møterom?

Treng du digitalt møterom?

Treng du digitalt møterom? Me kan kanskje ikkje møtast fysisk ei tida frametter, men heldigvis finnes det andre gode løysingar. Grannehjelpa låner ut gratis digitalt møterom med inntil 12 deltakarar. Ta kontakt med Sidsel på telefon 90 12 26 88 / sidsel@grannehjelpa.no for avtale.

Ny nettside

Ny nettside

Synes du informasjonen på denne sida er noko utdatert? Då har du heilt rett! Me jobbar med å få på plass ny nettside, og reknar med å få den klar i god tid før sommaren 2020.

All aktivitet innstilt inntil vidare

All aktivitet innstilt inntil vidare

All aktivitet i regi av Grannehjelpa er innstilt inntil vidare. Det gjeld både aktivitetar på institusjonar og omsorgsbustad, og aktivitetar for ålmenta.

Me må avgrense det fysiske kontakten frametter, men me er tilgjengeleg på telefon, sms, epost og Facebook.

Sidsel 90 12 26 88 / sidsel@grannehjelpa.no
Rut 91 36 61 84 / rut@grannehjelpa.no

Grannehjelpa på Facebook

KvammaVEKO 2020

KvammaVEKO 2020

KvammaVEKO 26.9. – 1.10.2020
For sjuande året på rad skal verdsdagen for psykisk helse markerast med ei veke full av aktivitetar, kulturelle arrangement og ei fremjing av fysisk og psykisk helse. Denne gongen med temaet «Spør meir».

Les meir om på Verdsdagen sine nettsider.

 

Det er kanskje framleis ei stund til oktober, men det er ikkje for tidleg til å byrja å gleda seg!

Tid for generalforsamling og årsmelding

Tid for generalforsamling og årsmelding

Til innskytarar, frivillige og samarbeidspartnarar i Grannehjelpa

 

Innkalling
Generalforsamling Stiftinga Grannehjelpa
Tid: Torsdag 22. mars 2017 kl. 18

Stad: Gamleskulen på Norheim, Norheimsund 

 

Saksliste

  • Opprop
  • Val av ordstyrar, referent, teljekorps og to til å skriva under protokollen
  • Presentasjon av årsmelding
  • Presentasjon av årsrekneskap 2017 og budsjett 2018
  • Val

 

Møtet startar med servering.

Saker til generalforsamlinga må vera i hende innan 12. mars.

Velkomen!

Helsing styret i Grannehjelpa
v/fungerande styreleiar Torgeir Magnar Børve og dagleg leiar Sidsel Haugen

 

P.S. Visste du at årsmeldinga er klar? Du kan koma innom Grannehjelpa for å få eit eksemplar, eller følgja lenkja og lasta den ned i PDF-format: Grannehjelpa Årsmelding 2017.

Bli med på AlleMed: Idédugnad om fritidsaktivitetar for born og unge

Bli med på AlleMed: Idédugnad om fritidsaktivitetar for born og unge

Forsking og statistikk syner at stadig fleire born opplever å stå utanfor fellesskapet på grunn av økonomiske barrierar. Sånn er det òg her i Kvam. Me ynskjer at alle våre born skal ha ei meiningsfull og aktiv fritid med meistring, fellesskap og vener, og inviterer difor til dialogmøte og idédugnad kring tema som ung fritid og inkludering.

Målet er å finna gode løysingar på korleis me i Kvam kan jobba saman for å få alle med i fritidsaktivitetar. I dugnaden brukar me informasjons- og handlingsverktøyet ALLEMED.

Tid: tysdag 6. mars, kl. 19.00
Stad: Grannehjelpa, Sandvenvegen 1B, Norheimsund

Påmelding til post@grannehjelpa.no innan 2. mars. Dugnaden er open for alle som er opptekne av tematikken, det vera seg foreldre, tilsette i skulen, lag og organisasjonar som arrangerer fritidsaktivitet for born og unge, eller du som berre har eit brennande engasjement for at alle born skal få vera med. Møtet startar med kveldsmat.

Dugnaden er i regi av Kvam herad i samarbeid med Grannehjelpa.

VELKOMEN!

Velkomen til fagdag for frivilligheit!

Velkomen til fagdag for frivilligheit!

Til alle frivillige lag, organisasjonar og einskildpersonar,

Korleis tek me vare på det gode som er, og korleis kan me saman utvikla frivilligheita i regionen vår?
Korleis ser framtidas behovsbilete ut, og korleis møter me det?

Velkomen til fagdag for frivilligheit torsdag 8. mars i Odda kino. Fokus denne dagen vil vera på samspel på tvers av sektorar og kommunegrenser.

Odd Einar Dørum tek oss inn i dagens tema før lokale, samfunnsengasjerte innleiarar deler sine tankar og idéar. Kristin Kaldestad Urrang frå det nasjonale dugnadsprosjektet mot utanforskap og fattigdom «Alle med» deltek i tillegg til representantar frå Kommunenes Sentralforbund (KS) og Norges Frivilligsentraler.

Fagdagen er GRATIS, finansiert gjennom tilskot frå Sparebankstiftinga Hardanger.

Påmelding innan 1. mars via QR-kode eller e-post/SMS til:
hege.boerve@ulvik.kommune.no/400 07 120.
Ta kontakt med Grannehjelpa om du treng skyss!

Sjå fullt program med QR-kode for påmelding nedanfor:

Om arrangøren:
Frivilligsentralane i Hardanger og Voss arbeider for å styrka frivillig arbeid i lokalmiljøa dei virkar i, fremja samarbeid og leggja til rette for vekst og samhandling.
Nettverket består av frivilligsentralane i Odda, Ullensvang, Ulvik, Jondal, Voss og Kvam.

Lei av å eta middag aleine? Bli med i Grannelaget!

Lei av å eta middag aleine? Bli med i Grannelaget!

I haust har Grannehjelpa gleda av å introdusera eit heilt nytt tilbod til eldre. Tiltaket Grannelaget er oppretta i samarbeid med Thon Hotell Sandven, og er det fyrste av sitt slag. Kvar siste onsdag i månaden opnar nemleg hotellet sin eigen restaurant, og inviterer til seniormiddag!

Idéen er enkel: dei fleste av oss likar å eta middag saman med andre. Mange saknar nokon å dela eit måltid med, medan andre er glade i store selskap. Kanskje er du blant dei som berre synest maten smakar betre i sosialt lag? Uansett kva det måtte vera, er det noko spesielt ved det å samlast rundt god mat.

Ved å tilby felles seniormiddag, håpar Grannehjelpa å skapa gode opplevingar gjennom det å møtast over dagens viktigaste måltid. Fellesskap og samtale rundt middagsbordet er eit høgdepunkt i kvardagen for mange, og skapar glede. I så måte, høver Grannelaget like godt for dei som kan vera ein samtalepartnar for andre, som for dei som ynskjer selskap til maten.

Å vera med i Grannelaget er enkelt. Du melder deg på dei gongane du har lyst å vera med, og treng ikkje melda frå om det ikkje høver. Til ein hyggjeleg pensjonistpris på 200 kr,- møter du opp til duk og dekt bord, og får servert middag, dessert og kaffi. Kva som står på menyen varierer sjølvsagt frå gong til gong. Har du allergiar eller følgjer ein spesiell diett, vil menyen verta kunngjort i god tid på førehand, slik at du kan ta atterhald om du vil vera med eller ikkje.

At det er stor interesse for konseptet seniormiddag, har synt seg tydeleg. Ved fyrste samling i september møtte 68 gjestar opp! – ein overveldande god oppslutnad for eit fyrstegongstiltak. Før jul er det planlagd to møter til – onsdag 25. oktober og onsdag 29. november – men fortset oppmøtet å halda høg standard er det mykje mogleg at tilbodet vert fornya over nyåret.

Grannelaget er ope for alle eldre som likar å eta god mat i godt lag. Kom som du er, ta med nokon du kjenner eller kom aleine, triveleg vert det uansett!

Grannelaget, seniormiddag på Thon Hotell Sandven
Tid:
 onsdag 25. oktober, onsdag 29. november. Klokka 16.00
Påmelding: seinast måndagen før arrangementet. Påmelding gjerast til Grannehjelpa. Du kan melda deg på via:
telefon/SMS: 901 22 688
e-post: post@grannehjelpa.no
eller koma innom i lokala i Sandvenvegen 1B.

Neste Grannelag tek stad onsdag 25. oktober. Då vert det laks med poteter og rømme til middag.

Velkomen og bon appétit!