Tema for KvammaVEKO 2018: «Ver raus»

Tema for KvammaVEKO 2018: «Ver raus»

Tradisjonen tru, vert det KvammaVEKO også i 2018. For femte året på rad skal verdsdagen for psykisk helse markerast med ei veke full av aktivitetar, kulturelle arrangement og ei fremjing av fysisk og psykisk helse. Denne gongen med temaet «Ver raus».

Årets tema er det tredje og siste i ein serie kring den overordna tematikken «Identitet og tilhøyre». I løpet av denne treårsperioden har Verdsdagen sett fokus på viktigheita av det å vera trygg på eigen identitet, og det å kjenna at ein høyrer til. Å oppleva at ein vert akseptert og inkludert i fellesskapet for den ein er, er nemleg blant dei mest grunnleggjande pådrivarane til god psykisk helse.

I ein slik vid kontekst, korleis skal me definera årets tema? Kva tyder order rausheit for deg? Korleis er ein raus? Kven vert me oppmoda til å vera rause mot? Andre eller oss sjølve – eller kanskje begge deler?

På nettsidene sine skriv Verdsdagen følgjande om rausheit:

«Raushet handler om å gi noe uten å forvente å få noe tilbake. Det dreier seg om å akseptere at vi er ulike, at vi ikke er perfekte, og gi rom for egne og andres ulikheter. Begrepet knyttes til blant annet altruisme, nestekjærlighet, sjenerøsitet og uselviskhet.»

Vidare, siterer dei Kathrine Aspaas, forfattar av boka Raushetens tid:

“Raushet er å unne andre suksess.
Raushet er å våge åpenhet.
Raushet er å lytte til andre.
Raushet er å våge å feile.
Raushet er å tillate andre å feile.
Raushet er å hjelpe andre.
Raushet er å ta et skritt tilbake før vi dømmer andre.
Raushet er å tilgi oss selv – og andre.
Raushet er å konfrontere med vennlighet.
Raushet er å sette grenser med vennlighet.
Raushet er å takke vennlig nei til det som ikke gir oss glede.”

Med desse orda i tankane, går arbeidsgruppa bak KvammaVEKO ei spanande tid i møte. Gruppa har allereie møttest jamleg sidan nyåret, og er godt i gang med planlegginga. Tallause idéar har vore drøfta og utforska, og fleire av desse er under vidare arbeid. Om det ikkje er mykje som kan seiast om programmet enno, er i alle fall éin ting sikkert: det skal verta ei raus veke!

Det er kanskje framleis ei stund til oktober, men det er ikkje for tidleg til å byrja å gleda seg!

Tid for generalforsamling og årsmelding

Tid for generalforsamling og årsmelding

Til innskytarar, frivillige og samarbeidspartnarar i Grannehjelpa

 

Innkalling
Generalforsamling Stiftinga Grannehjelpa
Tid: Torsdag 22. mars 2017 kl. 18

Stad: Gamleskulen på Norheim, Norheimsund 

 

Saksliste

  • Opprop
  • Val av ordstyrar, referent, teljekorps og to til å skriva under protokollen
  • Presentasjon av årsmelding
  • Presentasjon av årsrekneskap 2017 og budsjett 2018
  • Val

 

Møtet startar med servering.

Saker til generalforsamlinga må vera i hende innan 12. mars.

Velkomen!

Helsing styret i Grannehjelpa
v/fungerande styreleiar Torgeir Magnar Børve og dagleg leiar Sidsel Haugen

 

P.S. Visste du at årsmeldinga er klar? Du kan koma innom Grannehjelpa for å få eit eksemplar, eller følgja lenkja og lasta den ned i PDF-format: Grannehjelpa Årsmelding 2017.

Lei av å eta middag aleine? Bli med i Grannelaget!

Lei av å eta middag aleine? Bli med i Grannelaget!

I haust har Grannehjelpa gleda av å introdusera eit heilt nytt tilbod til eldre. Tiltaket Grannelaget er oppretta i samarbeid med Thon Hotell Sandven, og er det fyrste av sitt slag. Kvar siste onsdag i månaden opnar nemleg hotellet sin eigen restaurant, og inviterer til seniormiddag!

Idéen er enkel: dei fleste av oss likar å eta middag saman med andre. Mange saknar nokon å dela eit måltid med, medan andre er glade i store selskap. Kanskje er du blant dei som berre synest maten smakar betre i sosialt lag? Uansett kva det måtte vera, er det noko spesielt ved det å samlast rundt god mat.

Ved å tilby felles seniormiddag, håpar Grannehjelpa å skapa gode opplevingar gjennom det å møtast over dagens viktigaste måltid. Fellesskap og samtale rundt middagsbordet er eit høgdepunkt i kvardagen for mange, og skapar glede. I så måte, høver Grannelaget like godt for dei som kan vera ein samtalepartnar for andre, som for dei som ynskjer selskap til maten.

Å vera med i Grannelaget er enkelt. Du melder deg på dei gongane du har lyst å vera med, og treng ikkje melda frå om det ikkje høver. Til ein hyggjeleg pensjonistpris på 200 kr,- møter du opp til duk og dekt bord, og får servert middag, dessert og kaffi. Kva som står på menyen varierer sjølvsagt frå gong til gong. Har du allergiar eller følgjer ein spesiell diett, vil menyen verta kunngjort i god tid på førehand, slik at du kan ta atterhald om du vil vera med eller ikkje.

At det er stor interesse for konseptet seniormiddag, har synt seg tydeleg. Ved fyrste samling i september møtte 68 gjestar opp! – ein overveldande god oppslutnad for eit fyrstegongstiltak. Før jul er det planlagd to møter til – onsdag 25. oktober og onsdag 29. november – men fortset oppmøtet å halda høg standard er det mykje mogleg at tilbodet vert fornya over nyåret.

Grannelaget er ope for alle eldre som likar å eta god mat i godt lag. Kom som du er, ta med nokon du kjenner eller kom aleine, triveleg vert det uansett!

Grannelaget, seniormiddag på Thon Hotell Sandven
Tid:
 onsdag 25. oktober, onsdag 29. november. Klokka 16.00
Påmelding: seinast måndagen før arrangementet. Påmelding gjerast til Grannehjelpa. Du kan melda deg på via:
telefon/SMS: 901 22 688
e-post: post@grannehjelpa.no
eller koma innom i lokala i Sandvenvegen 1B.

Neste Grannelag tek stad onsdag 25. oktober. Då vert det laks med poteter og rømme til middag.

Velkomen og bon appétit!

KvammaVEKO 2017: Noko å gleda seg over

KvammaVEKO 2017: Noko å gleda seg over

Grannehjelpa har mykje å gleda seg over denne hausten. Dei faste aktivitetane er attende i gjenge etter sommarferien, og ei handfull nye prosjekt skal inn for landing og lanserast. I tillegg, er det fleire store arrangement som skal både planleggjast og gjennomførast innan året er omme.

Den kanskje største hendinga, både når det gjeld omfang og resurssar, er den årvisse markeringa av verdsdagen for psykisk helse. Frå den 16. til 21. oktober vil KvammaVEKO by på eit program fullpakka med kultur, fysisk aktivitet og gode opplevingar. I år er temaet for markeringa Noko å gleda seg over.

Når KvammaVEKO opnar like etter haustferien, måndag 16. oktober, er det på varleg og behageleg vis. Startskotet går av på Kvam Kino med framsyning av filmen Lykkelig i 24 timer (originaltitel: Heidi Schneider steckt fest). Lykkelig i 24 timer er ein tysk drama-komedie om Heidi som plutseleg opplever at heile livet vert snudd opp-ned då ho vert råka av angst og depresjon. I eit forsøk på å berga seg sjølv og forholdet til sine næraste, tek ho med seg familien og dreg til nord-Noreg. Målet for turen er å verta lukkeleg igjen – om så berre for 24 timar. Filmen er ei varm og humoristisk forteljing om eit tungt og vanskeleg tema.
Les meir om filmen og sjå trailer på: filmweb.no.
På denne framsyninga vil du få to kinobillettar til prisen av éin. Ta med ein ven gratis!

Tysdag 17. oktober vitjar den prisløna føredragshaldaren Milad Mohammadi KvammaVEKO. Som ein av dei mest etterspurde føredragshaldarane i Norden, og ei leiande stemme i integrering- og inkluderingsspørsmål, er han namngjeten for det brennande engasjementet og den uhøgtidlege talarstilen. Med si eiga historie som bakteppe, gjev han tilhøyrarane rom til både latter og ettertanke. Føredraget vil ta stad på Kvam Ungdomskule, der det òg vil verta lett matservering etter arrangementet. Språktreff, som vanlegvis tek stad på Kvam Folkebibliotek, vil verta flytta hit denne dagen.
Milad vil òg halda eit føredrag for elevane ved dei vidaregåande skulane tidlegare same dag.
Føredraget på Kvam Ungdomskule er gratis og ope for alle.

Det er lagd opp til mykje liv og rørsle når KvammaVEKO inviterer til «mat og moro under open himmel» onsdag 18. oktober. Badestranda i Norheimsund er ein fin arena for uteaktivitet – sjølv på hausten og med vestlandsvêr. Dette skal demonstrerast med ei rekkje aktivitetar for både born og vaksne. Her vert det noko for ein kvar smak og aktivitetsnivå. Du kan springa gjennom hinderløypa, gå natursti eller vera med på ulike spel og leikar. Hardanger bordtennisklubb innviar det nye bordtennisbordet som skal stå permanent på staden, og det vil verta moglegheit for å læra nokre triks. Me lagar både middag og dessert på bålpanne, og set opp gapahuk der ein kan drikka kaffi og kakao.
Arrangementet er gratis og ope for alle.

Torsdag 19. oktober inviterer Kvam Folkebibliotek til ein kveld med hardingfelespelar Knut Hamre og dramaturg Ola E. Bø. Framsyninga «…og i spelet kunne sorga letna og bli til flog» tek føre seg Jon Fosse sitt forfattarskap og Olav H. Hauge si dikting. Programmet er fyld med musikk, høgtlesing og samtale kring Hardanger sine eigne litteraturgigantar. Dette vert både interessant og vakkert!
Framsyninga er gratis og ope for alle.

Ungdomane på Ungdomsbasen vil visa kva dei gjer på, og steller i stand ope hus fredag 20. oktober. Dei byd på favorittretten pizzasnurrar, og kanskje eit slag biljard eller air hockey? Kom innom og sjå kvardagen på basen, og kvifor dette ungdomsmiljøet er så viktig!
Det kostar sjølvsagt ingenting, og unge, vaksne og eldre er akkurat like velkomne!

KvammaVEKO vert avrunda laurdag 21. oktober med eit større arrangement i idrettshallen i Øystese. Me byrjar klokka 12.00 med gratis laurdagsgraut til alle. Korgruppa TeKlang står for god stemning, og dreg i gang «på grensa til allsong». Grannehjelpa deler ut Eldsjelprisen for 2017 rundt klokka 13.00. Etterpå kan ein vera med Øystesetrimmen på tur, eller vera att i hallen der diverse sportsutstyr vil verta henta fram. Om trening ikkje skulle freista, vil Øystese Idrettslag stella i stand kafé der ein kan kjøpa kaffi og kaker.
Ta med heile familien og bli med på den siste utblåsinga av KvammaVEKO 2017!
Alt er sjølvsagt gratis.

Med dette, vil Grannehjelpa få ynskja deg hjarteleg velkomen til KvammaVEKO 2017. Me gledar oss til å sjå deg i oktober!

Klokkeslett for arrangementa vil verta annonsert i programbrosjyren som alle husstandar vil få heim i postkassa.

Kvinnegruppa søkjer norske deltakarar

Kvinnegruppa søkjer norske deltakarar

Den internasjonale kvinnegruppa er attende i si faste rutine etter sommarferien. Gruppa har i det siste hatt variabel oppslutnad, og då spesielt blant etnisk norske kvinner. Ved sist samling var i alt ti kvinner til stades, derav eit overveldande fleirtal med innvandrarbakgrunn. Behovet for fleire deltakarar som har norsk som morsmål har gjort seg gjeldande, og Grannehjelpa søkjer no kontakt med deg som vil vera ein samtalepartnar for dei som ynskjer å øva på norsk språk.

Så, kva er kvinnegruppa? Kva kan eg bidra med?

Kvinnegruppa er ein møtestad for alle kvinner, uavhengig av etnisk bakgrunn, religion og politisk standpunkt. Gruppa har som føremål å knyta kontakt mellom kvinner frå ulike kulturar, og bidra til betre integrering av innvandrarkvinner. Ved å skapa eit sosialt nettverk og ein stad der innvandrarkvinner kan læra og praktisera norsk språk, er målet å auka inkluderinga i lokalmiljøet.

Å delta i kvinnegruppa er sosialt, lærerikt og veldig hyggjeleg. Her varierer aktivitetane frå gong til gong, og det er fritt fram for å koma med forslag. Handarbeid, hobbyverkstad og matlaging pleier å vera populære gjengangarar. Det same gjeld små utflukter til diverse stadar i nærområdet. Gruppa har blant anna vitja musea i bygdene, vore på tur til Bergen, og til og med fått omvising på Statsraad Lehmkuhl. Planen for hausten er enno ikkje ferdigstilt, men det er teke sikte på å få besøk frå offentlege tenester som brannvesen, helsesøster og barnevern, laga mat frå alle nasjonalitetane som er representert i gruppa, samt driva med kreative aktivitetar som handarbeid, hobbyverkstad og måling – og ikkje minst, snakka mykje saman!

Som frivillig i kvinnegruppa vil du fungera som ein samtalepartnar og aktiv del av gruppa. Det er det heile. Du får ikkje noko ansvar, og du forpliktar deg heller ikkje til nokon. Gruppa krev inga påmelding, så det er berre til å møta opp når det måtte høva. Dersom du er nyfiken, er du hjarteleg velkomen til å ta ein tur innom for å sjå korleis me har det!

Kvinnegruppa held til på Gamleskulen kvar tysdag frå klokka 11.00 til 14.00.
Ynskjer du meir informasjon, kan du ta kontakt med Rut på Grannehjelpa.

 

 

Fest for KvammaKOMPISar

Fest for KvammaKOMPISar

Den tredje runden med prosjektet KvammKOMPIS er offisielt avslutta. Måndag 21. august vart tre månadar med arrangert kameratskap avrunda med ein svært livleg fest i Grannehjelpa sine lokal. Mange var samde om at prosjektet berre var byrjinga på eit nytt venskap.

I denne omgangen deltok i alt ti KOMPIS-par, derav eit imponerande fleirtal møtte opp til avslutningsfest for å dela opplevingar og erfaringar dei har gjort seg i løpet av prosjektperioden. Dei kunne fortelja om kva aktivitetar dei har gjort saman – mange hadde gått på tur og ete god mat, nokon hadde fiska, sett på fotballkamp eller gått på kafé – og det var tydeleg at somme òg hadde lært eit og anna frå kvarandre. Mesteparten uttrykte at dei var svært nøgde med prosjektet, og fleire var godt mota på å halda kontakten etter avslutninga.

Grannehjelpa ynskjer å takka alle deltakarane for innsatsen og for ei flott tid saman!

 

Har du lyst til å vera KvammaKOMPIS? Ny runde startar opp i september! Ta kontakt med Grannehjelpa for meir informasjon!

Målet med prosjektet KvammaKOMPIS er å skapa kontakt mellom menneske frå ulike kulturar. Ved å inngå ein avtale om å møtast fire gongar i løpet av 12 veker, er håpet at ein person med innvandrarbakgrunn og ein person med norsk bakgrunn skal læra kvarandre å kjenna. Prosjektet har allereie vorte arrangert tre gongar, og så mange som 60 kvemmingar har vore KvammaKOMPISar.

Gratis læremateriale til deg som vil læra å bruka internett!

Gratis læremateriale til deg som vil læra å bruka internett!

Internett har vorte ein viktig del av kvardagen vår. Stadig fleire av dei tenestene me er mest avhengige av er vorte digitaliserte, og er no berre tilgjengelege gjennom datamaskin eller nettbrett. Det kan vera vanskeleg å halda tritt med alle endringane, og å navigera seg gjennom dei ulike nettsidene. Mange eldre har lite eller ingen erfaring med digitale verktøy, noko som fører til at dei ikkje lenger får tilgang til naudsynt informasjon.

Med eit klart mål om å auka datakunnskapen blant eldre, oppretta Grannehjelpa tiltaket På nett i Kvam. Tiltaket fekk innvilga økonomiske midlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som finansierte to datakurs og eitt kompendium med læremateriale. Datakursa, som tok stad i vinter, gav deltakarane ei innføring i grunnleggjande ord og omgrep knytt til internett, korleis ein les og skriv e-post, og korleis ein brukar Digipost, Bank-ID og Kvam Herad si elektroniske teneste SvarUt. Alt lærematerialet som vart nytta i undervisinga vart samla i eit kompendium, som du kan finna litt lenger ned på denne sida.

Sjølv om lærematerialet er og skal vera gratis for alle, ynskjer Grannehjelpa også å kunna tilby kurs for dei som har behov for litt vegleiing. I haust vil det difor verta arrangert to nye datakurs med same tema som tidlegare i år: eitt for dei med PC, og eitt for dei med nettbrett. Kvart kurs vil gå over tre dagar. Det kostar 600 kr,- for eit heilt kurs. Deltakarane må ta med eigen PC eller nettbrett.

Datoar for kursa vert som følgjer:

Kurs for deg med PC:
Onsdag 08. november, klokka 10.00-13.00
Onsdag 15. november, klokka 10.00-13.00
Onsdag 22. november, klokka 10.00-12.00

Kurs for deg med nettbrett:
Torsdag 09. november, klokka 10.00-13.00
Torsdag 16. november, klokka 10.00-13.00
Torsdag 23. november, klokka 10.00-12.00

Påmelding gjerast til Grannehjelpa.
Telefonnummer: 901 22 688
E-postadresse: post@grannehjelpa.no
eller kom innom i Sandvenvegen 1A, Norheimsund!

Kursa har eit avgrensa tal plassar.

Klikk her for å koma til det gratis lærematerialet.
Du kan skriva ut eller lasta ned kompendiet frå den nye sida som kjem opp når du har trykt på lenkja.

Vil du vera Aktivitetsvenn for ein person med demenssjukdom?

Vil du vera Aktivitetsvenn for ein person med demenssjukdom?

I dag fins det meir enn 77 000 personar i Noreg som lid av demens. Nærare 350 000 nordmenn er nær pårørande til nokon som er råka av sjukdomen. Innan dei neste 20 åra er det venta at desse tala vil auka til det dobbelte.

Å verta diagnostisert med demens er livsomveltande. For personar med sjukdomen endrar heile verda seg, og det utan at dei klarar følgja med. Sjukdomen kan ha ulikt utslag hos forskjellige pasientar, og symptoma kan variera frå person til person. Det mest vanlege er likevel hukommelsestap og vanskar med å orientera og uttrykkja seg. Mange pårørande opplever at sjukdomen drastisk endrar personlegdomen og åtferda til den demente.

Somme får problem med å gjennomføra daglege gjeremål og aktivitetar, og vert sterkt pleietrengande. For nokon kan det handla om at dei ikkje lenger meistrar dei mest rutinemessige oppgåvene – som til dømes det å vaska seg sjølv, laga mat eller koka kaffi, fordi slike innøvde rutinar rett og slett har svinna bort frå minnet deira. Andre, er friske nok til å bu heime med ektefelle eller familie, og klarar mykje med litt hjelp.

Når ein har demens, er det likevel slik at ein gradvis vert dårlegare. Mange som vert diagnostisert med demenssjukdom må på eit eller anna punkt slutta med aktivitetar dei tidlegare dreiv aktivit med – som hobbyar eller fritidsinteresser – anten fordi dei har mista evna til å gjennomføra dei, eller fordi det er vanskeleg å finna tilpassa tilbod. Eit resultat av dette er at fleire demente vert isolerte, og sit mykje heime utan stort å ta seg til. Angst og depresjon er òg vanlege effektar ved sjukdomen, slik at einsemd og tiltaksløyse fort kan hamna i ein slags vond sirkel. Det er her prosjektet Aktivitetsvenn kjem inn.

Fritidsaktivitetar og gode opplevingar er viktig for dei fleste av oss. Det har stor innverknad på den psykiske helsa vår, og har mykje å seia for livskvaliteten. Små gleder i kvardagen kan ha vedvarande positiv effekt. Slik er det òg for folk med demens. Sjølv i tilfelle der sjukdomen er svært framskriden, og hendingar vert raskt gløymt, viser det seg at personen sit att med dei gode kjenslene.

Etterspurnaden for tilrettelagde aktivitetar for demente er stor, men tilboda er dessverre få. Nasjonalforeningen for folkehelsen har difor lansert eit landsdekkjande tiltak for å auka aktiviteten blant demenssjuke. I samarbeid med kommunar, demensforeiningar og frivilligsentralar søkjer dei no etter aktivitetsvenner som kan tenkja seg å gje ein person med demens eit litt lysare tilvære.

Som aktivitetsvenn treng ein ikkje å ha kunnskapar om demens, eller å inneha nokre spesielle personlege eigenskapar. Alt som trengs er viljen til å møta eit anna menneske over ei felles interesse. Kanskje vil du ha nokon å gå på tur med? Nokon å syngja, dansa, sjå på film eller gå i teateret med? Likar du fisking, hagearbeid eller sosiale kaffistunder? Uansett kva du interesserer deg for, fins det eit menneske med demenssjukdom som ville sett pris på å dela desse aktivitetane saman med deg. Å vera aktivitetsvenn skal vera til gjensidig glede, så det er viktig å finna personar som trivst i kvarandre sitt selskap.

I Kvam er det allereie etablert ei arbeidsgruppe for prosjekt Aktivitetsvenn, og tiltaket er venta å starta opp til hausten. Dersom du har lyst til å verta aktivitetsvenn, eller ynskjer meir informasjon, ta kontakt med Grannehjelpa. Om ikkje før, let me høyra frå oss etter sommarferien.

Alle som melder interesse vil få tilbod om å delta på eit kurs, slik at alle skal føla seg trygge i rolla som aktivitetsvenn.

Nytt tilbod om ein-til-ein-hjelp i Strandebarm

Nytt tilbod om ein-til-ein-hjelp i Strandebarm

Treng du – eller nokon du kjenner – hjelp til daglege gjeremål, følgje til aktivitetar eller nokon å drikka kaffi med? Bur du i Strandebarm, kan du få dekt desse behova gjennom det nye tilbodet Hjelp ein sambygding. Tanken er at sambygdingar kan hjelpa kvarandre med det som det offentlege ikkje rår over, og saman løysa daglegdagse arbeidsoppgåver og utfordringar.

Tiltaket tek utgangspunkt i prinsippet om ein-til-ein-hjelp. Altså, at ein einskildperson hjelper ein annan. Ein-til-ein-hjelpa kan delast inn i to kategoriar: praktiske arbeidsoppgåver og sosial samankomst. Praktiske arbeidsoppgåver kan omfatta gjeremål i hus og hage, handel av daglegvarer, eller følgje til lege og frisør. Sosial samankomst handlar om at to personar møtest for å tilbringa litt tid saman. Somme ynskjer følgje til kulturelle arrangement, nokon å gå på tur i lag med, eller å møta nokon med same hobby. Andre ynskjer berre å slå av ein prat over ein kopp kaffi.

Moglegheitene er mange. Tilbodet er ope for alle som har behov for ei eller anna form for hjelp. Det kan vera eldre menneske som har vanskeleg for å moka snø eller vedlikehalda hagen på eigahand, innvandrarar som treng å øva på norsk språk, eller nokon som vegrar seg for å gå til offentlege instansar aleine. Mange kvemmingar er einsame, og treng ikkje meir enn litt selskap og mellommenneskeleg kontakt.

Hjelp ein sambygding er skipa av Lions Club Strandebarm, som allereie har alliert seg med 19 frivillige. At det kan vera vanskeleg å be om hjelp, er ei velkjend sak. Terskelen kan virka høg, og ein vil helst ikkje vera andre til bry. Målet med dette prosjektet er å senkja terskelen ved å gjera hjelpetilbodet lettare tilgjengeleg, og forhåpentlegvis på den måten nå ut til personar som elles ikkje ville bede om hjelp.

Dersom du, eller nokon du kjenner, har behov for litt assistanse i kvardagen, ta direkte kontakt med Grannehjelpa.

Tekst: Helena Rykkje

Grannehjelpa feira 20 år med frivillig arbeid

Grannehjelpa feira 20 år med frivillig arbeid

Etter 20 år i verksemd har Stiftinga Grannehjelpa mykje å feira. Sidan oppstarten i 1996 har frivilligsentralen i Kvam gjort seg opp ei lang merittliste. 82 000 frivillige arbeidstimar og tallause aktivitetar er tilbakelagd, og framleis har verksemda nok å hengja fingrane i. Frivilligsentralen har for lengst etablert seg som ein viktig del av kulturen, og vorte den leiiande møtestaden for den frivillige sektoren i Kvam. Ved å samarbeida med kommunen, lokale lag, organisasjonar og einskildpersonar har Grannehjelpa vore med på å skapa tiltak og arrangement til både nytte og glede i to tiår.

Utan slike samarbeidspartnarar hadde ikkje dette vore mogleg. Grannehjelpa er ingenting utan hjelpa frå samfunnsengasjerte og dugnadsglade menneske. Det er desse menneska som gjer Grannehjelpa til Grannehjelpa. Det er de som gjer det mogleg for oss å gjera det me gjer, og det er de som har sytt for at me har vore i drift i 20 år. Det er saman med dykk at me har bygd opp Grannehjelpa til den institusjonen det er i dag.

Då Grannehjelpa skulle feira sitt 20. år var det difor naturleg å gjera det i form av ein takkefest. Alle som på eit eller anna vis har vore knytt til frivilligsentralen var invitert. Det vera seg tidlegare tilsette, styremedlem, samarbeidspartnarar eller frivillige. Onsdag 21. juni – eitt år på etterskot av det faktiske jubileet – møtte over 150 gjestar opp i hagen til Thon Hotell Sandven. I biletskjøne omgjevnadar fekk dei feira seg sjølve og eigen innsats.

Konferansier for kvelden var fungerande styreleiar Torgeir Magnar Børve. Med ein god dose snert opna han festen ved å fortelja litt om historia til Grannehjelpa og reisa gjennom dei siste 20 åra. Frivilligkoordinator Rut Oppedal Rasmussen helsa gjestane velkomen. I sin tale var ho påpasseleg med å anerkjenna kven som var til stades, og kva dei har gjeve lokalsamfunnet. Då ho siterte kongen på at kvar dag gjev moglegheit til å stilla opp for eit medmenneske, var det ingen tvil om at festen var ei heidring av solidaritet og omtanke.

Skjønt, om frivillig arbeid handlar om å yta noko for andre, handlar det vel så mykje om å yta noko for seg sjølv. Å driva med frivillig arbeid gjev ikkje berre stor glede for den som får hjelp, men òg den som hjelper. Dette perspektivet kom tydeleg fram då Berit Nygård og Kari Åsheim Valland reflekterte over eigne erfaringar som frivillige. Dei to spreke damene har vore leiiande figurar for aktivitetar innan eldreomsorga, og står blant anna bak seniorfesten i Dalatun. Med mykje humor og varme gav dei eit ektefølt og inspirerande innlegg, som både fekk lattermusklane og dugnadsviljen i gang.

Grannehjelpa sin styreleiar, Bjørnar Dagstad, meinte det var som «å hoppa etter Wirkola» då han skulle seia nokre ord etter ein slik appell. Trass i at han har vore sjukemeld over ein lenger tidsperiode, kom han godt budd og gav ein hyllande og framsynt tale. Han konkluderte med at Grannehjelpa er ein «vaksen, sjølvsikker og vital 20-åring», og avslutta med å skåla for dei neste 20 åra.

Til stades var òg ordførar Jostein Ljones, som takka for godt samarbeid. Han påpeika at frivilligsentralen i Kvam er eit lysande føredøme på nasjonalt nivå, og at han er imponert over kva ein så liten kommune kan utretta. Om kvemmingane er få i talet, desto sterkare står frivilligheita.

Sjølv om temperaturen i hotell-hagen ikkje var mykje å skryta av utover kvelden, var stemninga på topp. Praten gjekk livleg føre seg, og gjestane såg ut til å trivast. Geir Botnen og Øyvind Nygård stod for den musikalske underhaldninga, og serverte perler frå Grieg, Schubert og italiensk opera. Kokk frå Thon Sandven og representantar frå Nortura var grillmeistarar, og diska opp med både kjøt og fisk. Før heimreise vart det òg tid til kaffi og kaker.

Det er ingen tvil om at jubileumsfesten vart ein suksess. Grannehjelpa ynskjer å takka alle gjestane – unge og eldre, med norsk bakgrunn og innvandrarbakgrunn, frå inst til ytst – for alt de har gjort og for alt de gjer. Takk for ein flott kveld i godt lag. Grannehjelpa lyt òg få takka alle sponsorane av festen: Thon Hotell Sandven, Mo Sport, Spilde Gard, Nortura og Bama. Som me har sagt i 20 år no: utan dykk hadde ikkje dette vore mogleg.

Tekst og foto: Helena Rykkje

Utvalde bilete frå Grannehjelpa sitt 20-årsjubileum