KvammaVEKO 2017: Noko å gleda seg over

KvammaVEKO 2017: Noko å gleda seg over

Grannehjelpa har mykje å gleda seg over denne hausten. Dei faste aktivitetane er attende i gjenge etter sommarferien, og ei handfull nye prosjekt skal inn for landing og lanserast. I tillegg, er det fleire store arrangement som skal både planleggjast og gjennomførast innan året er omme.

Den kanskje største hendinga, både når det gjeld omfang og resurssar, er den årvisse markeringa av verdsdagen for psykisk helse. Frå den 16. til 21. oktober vil KvammaVEKO by på eit program fullpakka med kultur, fysisk aktivitet og gode opplevingar. I år er temaet for markeringa Noko å gleda seg over.

Når KvammaVEKO opnar like etter haustferien, måndag 16. oktober, er det på varleg og behageleg vis. Startskotet går av på Kvam Kino med framsyning av filmen Lykkelig i 24 timer (originaltitel: Heidi Schneider steckt fest). Lykkelig i 24 timer er ein tysk drama-komedie om Heidi som plutseleg opplever at heile livet vert snudd opp-ned då ho vert råka av angst og depresjon. I eit forsøk på å berga seg sjølv og forholdet til sine næraste, tek ho med seg familien og dreg til nord-Noreg. Målet for turen er å verta lukkeleg igjen – om så berre for 24 timar. Filmen er ei varm og humoristisk forteljing om eit tungt og vanskeleg tema.
Les meir om filmen og sjå trailer på: filmweb.no.
På denne framsyninga vil du få to kinobillettar til prisen av éin. Ta med ein ven gratis!

Tysdag 17. oktober vitjar den prisløna føredragshaldaren Milad Mohammadi KvammaVEKO. Som ein av dei mest etterspurde føredragshaldarane i Norden, og ei leiande stemme i integrering- og inkluderingsspørsmål, er han namngjeten for det brennande engasjementet og den uhøgtidlege talarstilen. Med si eiga historie som bakteppe, gjev han tilhøyrarane rom til både latter og ettertanke. Føredraget vil ta stad på Kvam Ungdomskule, der det òg vil verta lett matservering etter arrangementet. Språktreff, som vanlegvis tek stad på Kvam Folkebibliotek, vil verta flytta hit denne dagen.
Milad vil òg halda eit føredrag for elevane ved dei vidaregåande skulane tidlegare same dag.
Føredraget på Kvam Ungdomskule er gratis og ope for alle.

Det er lagd opp til mykje liv og rørsle når KvammaVEKO inviterer til «mat og moro under open himmel» onsdag 18. oktober. Badestranda i Norheimsund er ein fin arena for uteaktivitet – sjølv på hausten og med vestlandsvêr. Dette skal demonstrerast med ei rekkje aktivitetar for både born og vaksne. Her vert det noko for ein kvar smak og aktivitetsnivå. Du kan springa gjennom hinderløypa, gå natursti eller vera med på ulike spel og leikar. Hardanger bordtennisklubb innviar det nye bordtennisbordet som skal stå permanent på staden, og det vil verta moglegheit for å læra nokre triks. Me lagar både middag og dessert på bålpanne, og set opp gapahuk der ein kan drikka kaffi og kakao.
Arrangementet er gratis og ope for alle.

Torsdag 19. oktober inviterer Kvam Folkebibliotek til ein kveld med hardingfelespelar Knut Hamre og dramaturg Ola E. Bø. Framsyninga «…og i spelet kunne sorga letna og bli til flog» tek føre seg Jon Fosse sitt forfattarskap og Olav H. Hauge si dikting. Programmet er fyld med musikk, høgtlesing og samtale kring Hardanger sine eigne litteraturgigantar. Dette vert både interessant og vakkert!
Framsyninga er gratis og ope for alle.

Ungdomane på Ungdomsbasen vil visa kva dei gjer på, og steller i stand ope hus fredag 20. oktober. Dei byd på favorittretten pizzasnurrar, og kanskje eit slag biljard eller air hockey? Kom innom og sjå kvardagen på basen, og kvifor dette ungdomsmiljøet er så viktig!
Det kostar sjølvsagt ingenting, og unge, vaksne og eldre er akkurat like velkomne!

KvammaVEKO vert avrunda laurdag 21. oktober med eit større arrangement i idrettshallen i Øystese. Me byrjar klokka 12.00 med gratis laurdagsgraut til alle. Korgruppa TeKlang står for god stemning, og dreg i gang «på grensa til allsong». Grannehjelpa deler ut Eldsjelprisen for 2017 rundt klokka 13.00. Etterpå kan ein vera med Øystesetrimmen på tur, eller vera att i hallen der diverse sportsutstyr vil verta henta fram. Om trening ikkje skulle freista, vil Øystese Idrettslag stella i stand kafé der ein kan kjøpa kaffi og kaker.
Ta med heile familien og bli med på den siste utblåsinga av KvammaVEKO 2017!
Alt er sjølvsagt gratis.

Med dette, vil Grannehjelpa få ynskja deg hjarteleg velkomen til KvammaVEKO 2017. Me gledar oss til å sjå deg i oktober!

Klokkeslett for arrangementa vil verta annonsert i programbrosjyren som alle husstandar vil få heim i postkassa.

Prisløna føredragshaldar Milad Mohammadi til KvammaVEKO 2017

Prisløna føredragshaldar Milad Mohammadi til KvammaVEKO 2017

For Milad Mohammadi stod valet mellom å ta sitt eige liv eller å bli eit fantastisk menneske. Han må ha vald det sistnemnde, for til hausten vitjar den prisløna føredragshaldaren Kvam og KvammaVEKO. Med seg har han ein enkel, men viktig bodskap: at ulikskapen vår også er den største moglegheita vår.

Milad, som vart fødd i Iran i 1989, måtte allereie som to-åring flykta saman med familien til Vesterås i Sverige. Oppveksten i det svenske samfunnet var ikkje enkel. Han såg kva utfordringar foreldra møtte – korleis dei vart halde utanfor det allmenne, all motstanden dei møtte på arbeidsmarknaden, korleis dei strevde med å finna sin plass. Sjølv, opplevde han å verta diskriminert, og følte seg ofte annleis og einsam. Å stå slik på utsida, tende ein gnist i han: han skulle endra haldningane til folk, og skapa nye samfunnsstrukturar. Allereie som 22-åring vart han den yngste i Sverige som var utdanna både som jurist og statsvitar.

Sidan den gong, har han utvikla samfunnsløysingar med leiiande aktørar innan mangfald og integrering, og halde føredrag for politikarar og næringslivstoppar. Han har inspirert makthavarar til å sjå sitt eige sosiale ansvar, og vorte lovprisa av kjende forretningsmogular som Petter Stordalen. Milad har også motteke utmerkingar som «Årets Talare», «Sveriges Supertalang», «Sveriges Superkommunikatör» og «Morgondagens Ledare». Med brennande engasjement og sylskarp kommunikasjon, er han i dag vorte ein av dei mest etterspurde føredragshaldarane i Norden.

Sjølv om han har påvirka store verksemder til å føra ein meir inkluderande politikk, er han vel så oppteken av å motivera ungdom til å sjå sitt eige potensial og verdi. Skal ein skapa endring i samfunnet, må ein starta med dei unge. Når Milad snakkar til ungdomen, oppfordrar han til å drøyma stort og jobba hardt. Han har ein visjon om at utdanning er ein av vegane til god sjølvkjensle, og ynskjer difor å byggja opp ungdomen gjennom jamstilte utdanningsmoglegheiter.

I fjor haust opna han til og med sin eigne vidaregåande skule. Järvaskolan ligg i Kista i Stockholm, ein bydel som er kjend for å ha eit høgt tal innbyggjarar med innvandrarbakgrunn og ein vanskelegstilt sosio-økonomi. Skulen er tufta på ein modell som set fokus på at eleven sine framtidsprospekt ikkje skal vera avhengige av foreldra sine ressurssar – det vera seg økonomiske, sosiale, språklege eller faglege.

Når Milad kjem til Kvam i haust, er det utan PowerPoint-presentasjon og tunge faglege omgrep. Milad opnar opp for dialog og samspel med tilhøyrarane ved å snakka engasjert og rett frå hjarta. Med sin eigen historie i sentrum, vert det rom for både latter og tårer, så vel som lærdom. For sjølv om historia hans må seiast å vera ei suksesshistorie, har den ei heller dyster byrjing. Ei ungdomstid sterkt prega av psykiske problem kulminerte til slutt i at han ikkje såg nokon annan utveg enn å ta sitt eige liv.

Redninga kom i form av ein stormannsgal draum: han skulle bli det mest fantastiske mennesket i verda. Han skulle gjera ein reell skilnad – for dei som vert halde utanfor samfunnet, for dei som vert diskriminert, for dei som ikkje får dei moglegheitene dei fortener på grunn av sin etniske og sosio-økonomiske bakgrunn. I dag har han absolutt gjort ein slik skilnad. Når Milad snakkar, lyttar folk – om dei er politiske makthavarar, mektige næringslivsaktørar eller ungdom. Den uhøgtidlege talarstilen og dei sterke kjenslene gjev gjenklang når han legg fram tesen om at «like barn leikar best, men ulike barn finn på dei beste leikane».

KVAMMAveko er den årlege markeringa av verdsdagen for psykisk helse. I år er tema «Noko å gleda seg over». Veko er i år 16. – 21. oktober.

Tekst: Helena Rykkje