Er du 55+ og leitar etter aktivitetar i Kvam? Då bør du sjekka Virka.no!

Er du 55+ og leitar etter aktivitetar i Kvam? Då bør du sjekka Virka.no!

Det er ikkje alltid lett å få med seg alt av fritidstilbod og tilstelningar som fins i nærleiken. Ofte er ein ikkje kjend med halvparten av alt ein kunne tenkja seg å vera med på. Nokre gongar finn ein kanskje ut om ein aktivitet fyrst etter at den er over, medan andre gongar har ein ikkje fått informasjon om kva tid ein aktivitet tek stad.

Visste du, til dømes, at det fins fleire turgrupper i kommunen som er gratis, opne for alle og heilt uforpliktande? Eller, at det fins fleire uformelle møtestadar der ein kan møtast over ein kopp kaffi eller handarbeid? Er du interessert i kulturelle arrangement som musikk, dans, film eller å læra meir om andre kulturar? Kanskje du ynskjer å halda deg oppdatert på kva som skjer i bygda di? Skulle du gjerne hatt all denne informasjonen samla på éin stad?

Virka.no – aktiv senior i Kvam er vevstaden som søkjer å vera nettopp den staden. Her kan du, med anna, finna informasjon om kulturelle arrangement, program for turgrupper og datakurs, og kanskje oppdaga ein ny sosial møteplass? Sida vert jamleg oppdatert med fritidstilbod for deg over 55 år, som vert halde av Grannehjelpa eller lag og organisasjonar i kommunen.

Nettstaden er lett å navigera seg gjennom, og er organisert i oversiktlege kategoriar, slik at du raskt skal finna det du leitar etter.

Har du informasjon om tilbod som fleire bør vita om? Då kan du ta kontakt med Grannehjelpa for å få det publisert på Virka.no. Privatpersonar, lag og organisasjonar kan dessutan få tilgang til nettstaden, slik at dei sjølve kan leggja ut aktivitetar, program og møtetider. Grannehjelpa gjev deg innloggingsinformasjon, og kan også gje opplæring i bruk. Sida er enkel å nytta, og krev ikkje store datakunnskapar. Kontakt Grannehjelpa dersom du ynskjer å publisera på Virka.no, eller ynskjer opplæring.