Tema for KvammaVEKO 2018: «Ver raus»

Tema for KvammaVEKO 2018: «Ver raus»

Tradisjonen tru, vert det KvammaVEKO også i 2018. For femte året på rad skal verdsdagen for psykisk helse markerast med ei veke full av aktivitetar, kulturelle arrangement og ei fremjing av fysisk og psykisk helse. Denne gongen med temaet «Ver raus».

Årets tema er det tredje og siste i ein serie kring den overordna tematikken «Identitet og tilhøyre». I løpet av denne treårsperioden har Verdsdagen sett fokus på viktigheita av det å vera trygg på eigen identitet, og det å kjenna at ein høyrer til. Å oppleva at ein vert akseptert og inkludert i fellesskapet for den ein er, er nemleg blant dei mest grunnleggjande pådrivarane til god psykisk helse.

I ein slik vid kontekst, korleis skal me definera årets tema? Kva tyder order rausheit for deg? Korleis er ein raus? Kven vert me oppmoda til å vera rause mot? Andre eller oss sjølve – eller kanskje begge deler?

På nettsidene sine skriv Verdsdagen følgjande om rausheit:

«Raushet handler om å gi noe uten å forvente å få noe tilbake. Det dreier seg om å akseptere at vi er ulike, at vi ikke er perfekte, og gi rom for egne og andres ulikheter. Begrepet knyttes til blant annet altruisme, nestekjærlighet, sjenerøsitet og uselviskhet.»

Vidare, siterer dei Kathrine Aspaas, forfattar av boka Raushetens tid:

“Raushet er å unne andre suksess.
Raushet er å våge åpenhet.
Raushet er å lytte til andre.
Raushet er å våge å feile.
Raushet er å tillate andre å feile.
Raushet er å hjelpe andre.
Raushet er å ta et skritt tilbake før vi dømmer andre.
Raushet er å tilgi oss selv – og andre.
Raushet er å konfrontere med vennlighet.
Raushet er å sette grenser med vennlighet.
Raushet er å takke vennlig nei til det som ikke gir oss glede.”

Med desse orda i tankane, går arbeidsgruppa bak KvammaVEKO ei spanande tid i møte. Gruppa har allereie møttest jamleg sidan nyåret, og er godt i gang med planlegginga. Tallause idéar har vore drøfta og utforska, og fleire av desse er under vidare arbeid. Om det ikkje er mykje som kan seiast om programmet enno, er i alle fall éin ting sikkert: det skal verta ei raus veke!

Det er kanskje framleis ei stund til oktober, men det er ikkje for tidleg til å byrja å gleda seg!

KvammaVEKO 2017: Noko å gleda seg over

KvammaVEKO 2017: Noko å gleda seg over

Grannehjelpa har mykje å gleda seg over denne hausten. Dei faste aktivitetane er attende i gjenge etter sommarferien, og ei handfull nye prosjekt skal inn for landing og lanserast. I tillegg, er det fleire store arrangement som skal både planleggjast og gjennomførast innan året er omme.

Den kanskje største hendinga, både når det gjeld omfang og resurssar, er den årvisse markeringa av verdsdagen for psykisk helse. Frå den 16. til 21. oktober vil KvammaVEKO by på eit program fullpakka med kultur, fysisk aktivitet og gode opplevingar. I år er temaet for markeringa Noko å gleda seg over.

Når KvammaVEKO opnar like etter haustferien, måndag 16. oktober, er det på varleg og behageleg vis. Startskotet går av på Kvam Kino med framsyning av filmen Lykkelig i 24 timer (originaltitel: Heidi Schneider steckt fest). Lykkelig i 24 timer er ein tysk drama-komedie om Heidi som plutseleg opplever at heile livet vert snudd opp-ned då ho vert råka av angst og depresjon. I eit forsøk på å berga seg sjølv og forholdet til sine næraste, tek ho med seg familien og dreg til nord-Noreg. Målet for turen er å verta lukkeleg igjen – om så berre for 24 timar. Filmen er ei varm og humoristisk forteljing om eit tungt og vanskeleg tema.
Les meir om filmen og sjå trailer på: filmweb.no.
På denne framsyninga vil du få to kinobillettar til prisen av éin. Ta med ein ven gratis!

Tysdag 17. oktober vitjar den prisløna føredragshaldaren Milad Mohammadi KvammaVEKO. Som ein av dei mest etterspurde føredragshaldarane i Norden, og ei leiande stemme i integrering- og inkluderingsspørsmål, er han namngjeten for det brennande engasjementet og den uhøgtidlege talarstilen. Med si eiga historie som bakteppe, gjev han tilhøyrarane rom til både latter og ettertanke. Føredraget vil ta stad på Kvam Ungdomskule, der det òg vil verta lett matservering etter arrangementet. Språktreff, som vanlegvis tek stad på Kvam Folkebibliotek, vil verta flytta hit denne dagen.
Milad vil òg halda eit føredrag for elevane ved dei vidaregåande skulane tidlegare same dag.
Føredraget på Kvam Ungdomskule er gratis og ope for alle.

Det er lagd opp til mykje liv og rørsle når KvammaVEKO inviterer til «mat og moro under open himmel» onsdag 18. oktober. Badestranda i Norheimsund er ein fin arena for uteaktivitet – sjølv på hausten og med vestlandsvêr. Dette skal demonstrerast med ei rekkje aktivitetar for både born og vaksne. Her vert det noko for ein kvar smak og aktivitetsnivå. Du kan springa gjennom hinderløypa, gå natursti eller vera med på ulike spel og leikar. Hardanger bordtennisklubb innviar det nye bordtennisbordet som skal stå permanent på staden, og det vil verta moglegheit for å læra nokre triks. Me lagar både middag og dessert på bålpanne, og set opp gapahuk der ein kan drikka kaffi og kakao.
Arrangementet er gratis og ope for alle.

Torsdag 19. oktober inviterer Kvam Folkebibliotek til ein kveld med hardingfelespelar Knut Hamre og dramaturg Ola E. Bø. Framsyninga «…og i spelet kunne sorga letna og bli til flog» tek føre seg Jon Fosse sitt forfattarskap og Olav H. Hauge si dikting. Programmet er fyld med musikk, høgtlesing og samtale kring Hardanger sine eigne litteraturgigantar. Dette vert både interessant og vakkert!
Framsyninga er gratis og ope for alle.

Ungdomane på Ungdomsbasen vil visa kva dei gjer på, og steller i stand ope hus fredag 20. oktober. Dei byd på favorittretten pizzasnurrar, og kanskje eit slag biljard eller air hockey? Kom innom og sjå kvardagen på basen, og kvifor dette ungdomsmiljøet er så viktig!
Det kostar sjølvsagt ingenting, og unge, vaksne og eldre er akkurat like velkomne!

KvammaVEKO vert avrunda laurdag 21. oktober med eit større arrangement i idrettshallen i Øystese. Me byrjar klokka 12.00 med gratis laurdagsgraut til alle. Korgruppa TeKlang står for god stemning, og dreg i gang «på grensa til allsong». Grannehjelpa deler ut Eldsjelprisen for 2017 rundt klokka 13.00. Etterpå kan ein vera med Øystesetrimmen på tur, eller vera att i hallen der diverse sportsutstyr vil verta henta fram. Om trening ikkje skulle freista, vil Øystese Idrettslag stella i stand kafé der ein kan kjøpa kaffi og kaker.
Ta med heile familien og bli med på den siste utblåsinga av KvammaVEKO 2017!
Alt er sjølvsagt gratis.

Med dette, vil Grannehjelpa få ynskja deg hjarteleg velkomen til KvammaVEKO 2017. Me gledar oss til å sjå deg i oktober!

Klokkeslett for arrangementa vil verta annonsert i programbrosjyren som alle husstandar vil få heim i postkassa.