Meir om oss

Ref Grannehjelpa heftet

Kven er me?

Grannehjelpa er frivilligsentralen i Kvam. Stiftinga vart etablert i 1997 og har 30 innskytarlag. Grannehjelpa sitt øvste organ er styret som har 7 faste medlem og 3 vara.

Grannehjelpa sine vedtekter

Stiftinga Grannehjelpa har som føremål å styrkje den frivillige innsatsen i Kvam, og å stimulere grupper og einskildpersonar til å delta i frivillig arbeid gjennom å drive frivilligsentral.

Kva gjer me?

Med hjelp av frivillige driftar me tiltak som turgruppe, datatreff, internasjonal kvinnegruppe, lese- og skrivehjelp m.m. Me koordinerer aktivitet på fleire eldreinstitusjonar i heradet (t.d. Karalag, Kafé, Songstund, Stovegjester m.m.). Grannehjelpa samarbeider ofte med andre frivillige lag og organisasjonar og med heradet i einskilde tiltak og prosjekt. Markeringa av Verdsdagen for psykisk helse, Ferietilbod og Bornas Verdsdag er døme på dette.

Kva gjer ein frivillig?

Det fins ingen «mal» på korleis ein frivillig skal vere, eller kor mykje tid han eller ho skal bruke på frivillig arbeid. Ein treng sjølvsagt heller ikkje særskilte kvalifikasjonar. Det du kan er det me treng!

Nokon frivillige har faste oppdrag, medan andre stiller opp når dei har tid og lyst. Fleire av Grannehjelpa sine frivillige er pensjonistar som brukar tid på barnebarn, reiser og hobbyar – og så stiller dei opp hos Grannehjelpa når det høver.

Mange frivillige finn det meiningsfylt å gjere noko for andre. Ordtaket «Den største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glad» er ingen klisjé!
Grannehjelpa treng fleire frivillige! Vil du vere med på laget? Kom innom eller ring oss – me ser fram til å sjå deg ? ?
Møte mellom menneske