På eldreinstitusjon

Grannehjelpa har gjennom åra arbeidd for at eldre på institusjon skal få ein meiningsfull og variert kvardag. Med god hjelp frå frivillige, har det vorte gjennomført ei rekkje forskjellige aktivitetar på dei ulike institusjonane i kommunen. Somme har vore einskilde, tidsavgrensa prosjekt, medan andre er tiltak som har gått over fleire år.

Noko som alltid synest å vera like aktuelt, er ulike former for besøksteneste. Grannehjelpa har koordinerande ansvar, medan frivillige står for planlegging og gjennomføring. Tilboda varierer frå institusjon til institusjon etter kva det er resurssar og interesse for. Frivillige stiller opp som stovegjester og samtalepartnarar, steller i stand kafé og handlevagn, samt song- og musikkstunder. Dei siste åra har det også vorte arrangert ein årleg sommarfest for bebuarar ved somme institusjonar.

Med føremål å få dei eldre ut av institusjonane, har Kvam Herad, Lions Club Norheimsund, Lions Club Strandebarm og Grannehjelpa gått til innkjøp av fire elektriske syklar. Ved hjelp av frivillige sjåførar vert det tilbydd ei taxiteneste, slik at bebuarane skal koma seg ut i frisk luft og oppleva gledene ved naturen. Syklane er plassert ved sjukeheimar i heile kommunen.

I tillegg til faste aktivitetar, arbeidast det ofte med tidsavgrensa prosjekt for å betra helse og trivnad. Gjennom slike prosjekt har det vorte innvilga midlar til å auka fysisk aktivitet eller kreativ stimuli. Tidlegare, har slike tiltak resultert i, blant anna, musikkterapi, skrivegrupper, besøkshund og minnekrok på dementavdeling.