Samfunn og lokalmiljø

Grannehjelpa er grunnlagd med eitt føremål: å styrkja og utvikla det sosiale fellesskapet i nærmiljøet. I så måte er det vår oppgåve å både skapa levande møtestadar og sjølve vera ein aktiv møtestad. Grannehjelpa er medarrangør av fleire offentlege aktivitetar som er opne for alle, men organiserer også isolerte hjelpetenester for lag, organisasjonar og einskildpersonar. Idéen om at sambygdingar stiller opp for kvarandre og lokalsamfunnet er sjølve ryggmargen i Grannehjelpa sitt virke. Frivilligsentralen si kanskje viktigaste rolle er difor som formidlar mellom dei som treng hjelp og dei som ynskjer å hjelpa.

Heilt sidan oppstart har personleg ein-til-ein-hjelp vore ein av hjørnesteinane i frivilligarbeidet. Som namnet tilseier, handlar tiltaket om at ein person hjelper ein annan. Tenestene kan variera frå kvardagslege gjeremål i hus og hage til leksehjelp og følgjeven. Her er moglegheitane mange, og så lenge oppgåvene ikkje tek lønna arbeid frå andre, stiller frivillige opp etter beste evne. Grannehjelpa tek i mot arbeidsoppgåver, rekrutterer frivillige, og set saman personar ut i frå kva tenester dei ynskjer å yta. Same framgangsmåte vert nytta for å organisera større dugnadsarbeid.

KvammaVEKO er den årlege markeringa av verdsdagen for psykisk helse. Over ei veke i oktober vert det arrangert ei rekkje aktivitetar med fokus på informasjonsarbeid og gode opplevingar. Tema og aktivitetar endrar seg frå år til år, men inkluderer ofte føredrag, kinoframsyning, temakveldar og fysisk aktivitet. Heile arrangementet er gratis, og ope for alle.

Dei siste åra har Grannehjelpa vald å leggja den store folkefesten til same veke som KvammaVEKO. Folkefesten er ei feiring av alle som driv med frivillig arbeid i Kvam, og er Grannehjelpa sin måte å takka for innsatsen. Høvet byd på god mat, underhaldning og utdelinga av eldsjelprisen, Grannehjelpa sin eigen pris for frivillig verksemd. Sparebanken Vest er fast sponsor av eldsjelprisen.