Søkja tilskot

Nasjonale tilskotsordningar

  • Gjensidigestiftinga gjev stønad til prosjekt innan fem ulike område: tryggleik, meistring og læring, sosial inkludering og mangfald, fysisk aktivitet, og kosthald.
    Du kan lesa meir om ordninga og søkjarkriteria på: gjensidigestiftelsen.no.
  • Ekstrastiftinga er frivilligheita si eiga stifting. Stiftinga gjev tilskot til prosjekt og forsking som fremjar fysisk og psykisk helse, meistring og livskvalitet.
    Du kan læra meir om retningslinene på: extrastiftelsen.no.
  • Frifond gjev tilskot til aktivitetar for barn og unge. For å få innvilga stønad må aktiviteten vera open og inkluderande, og gjennomførast ved frivillig innsats.
    Les meir om stønadsordninga på: frifond.no.
  • Regjeringa har fleire statlege tilskotsordningar for frivillige organisasjonar.
    For å sjå ein oversikt over desse, kan du klikka deg inn på: regjeringen.no – Statlige tilskudd for frivillige organisasjoner.

 

Regionale tilskotsordningar

  • Hardanger Kulturråd gjev økonomiske midlar til kulturtiltak som fremjar samhald, samhandling og næringsutvikling, og styrkjer «Hardangerkjensla».
    Lær meir om kulturfondet på: hardanger.com – Hardanger Kulturråd.
  • Hordaland fylkeskommune har ulike tilskotsordningar innan fleire område, deriblant folkehelse, kultur, idrett og friluftsliv.
    Sjå hordaland.no – Tilskot og søknadar for ein fullstendig oversikt.
  • Sparebankstiftinga Hardanger deler ut tilskot til investeringar, tiltak og prosjekt som har varig verdi i lokalsamfunnet, og som er av ålmenn nytte.
    Meir informasjon om gåvefondet og retningslinene, finn du på: hardangerstiftinga.no – Gåvefond.
  • Sparebanken Vest sine ålmennyttige midlar er retta mot fire satsingsområde: oppvekst og utdanning, næring, idrett og kultur.
    Les meir på: spv.no – Samfunnsnyttige midler.

 

Lokale tilskotsordningar

  • Kvam Herad har fleire tilskotsordningar for lag og organisasjonar innan ulike område.
    Oversikt over desse, er å finna på: kvam.no – Kommunale tilskot.

 

Momskompensasjon

  • Lotteri- og stiftelsestilsynet gjev kompensasjonar for meirverdiavgift som frivillige organisasjonar har hatt det føregåande året.
    Finn ut om laget eller organisasjonen din kan søkja på: lottstift.no