Så kjekt at de vil låne lokale hos oss ? VELKOMEN!

Grannehjelpa sine lokal i Sandvenvegen 1A (Bondetun) er gratis å låne for frivillige lag og organisasjonar. Me låner ut både til faste aktivitetar og til einskilde møte.

Det er gratis å låne hus hos oss. Me har likevel innført «frivillig husleige» for dei som har høve til å bidra. «Frivillig husleige» går med til å dekkje kostnad til straum og reinhald. De bestemmer sum sjølv, alt etter kva de har økonomi til. Grannehjelpa sin gåvekonto i SPV: 3530 27 81417.
Viktig å understreke at dette er høgst frivillig. Om laget dykkar slit økonomisk, bruk pengane på det som er rett for dykk!

Møterom

1. etasje (kjøken)
– Høveleg for inntil 10 personar, men plass til fleire om ein «må».

2. etasje
– Høveleg for inntil 20 personar, men plass til fleire her òg.

Foaje («Sofakroken»)
– Høveleg for inntil 6 personar.

Fasilitetar

Kjøken
– Nyt gjerne medbrakt kaffi, te og mat. Bruk koppar og kar du finn i skåpa etter behov. (Det fins mat, kaffi og andre ting i skåpa. Dette tilhøyrer andre, så gjer vel og la det stå i fred.)
– Rydd og set i oppvaskmaskina før du går.

Teknisk utstyr
– Me har projektor og lerret som kan lånast etter avtale.

Reinhald
– Ein treng ikkje vaska golv eller tømme søppel, men det må ryddast. Møblar må setjast attende slik dei stod då de kom.

Nøkkel kan ein hente og levere på Esso-stasjonen i Norheimsund. Det er sjølvsagt veldig viktig at nøkkelen vert levert attende rett etter bruk.

Alt utlån føregår etter avtale. Ring eller send e-post for å booke lokale. Kom gjerne innom oss for synfaring.

Helsing Sidsel, Rut og Aukse
Møte mellom menneske