Vaksne og seniorar

Grannehjelpa er med og organiserer fleire aktivitetar for vaksne og seniorar. Dei fleste av desse aktivitetane er leia av frivillige, medan Grannehjelpa har koordinerande ansvar. Somme er faste tilbod som går heile året gjennom, andre er tidsavgrensa arrangement som dukkar opp med jamne mellomrom.

Det heilårsdrifta tilbodet Kafè Gamleskulen som har bytt namn til  Handarbeidskafè er eit av døma på tiltak som har gått over fleire år. Kaféen held ope to ca annankvar torsdag frå klokka 11.00 til 13.00. I lokala på Norheim kan ein møtast over nysteikte vaflar, kaffi eller te, og slå av ein prat med kjende og ukjende. Verksemda er driven av ei gruppe frivillige, som byter på å vera vertskap.

For dei som likar å gå på tur, fins det fleire organiserte turgrupper. Desse turgruppene er også leia av frivillige, medan Grannehjelpa bistår med koordinering og distribusjon av turprogram. Turgruppene Fotalaget og Karatrakk arrangerer turar ei gong i veka, Fotalaget på tysdagar og Karatrakk på onsdagar. Tørvikbygd Pensjonistlag har også danna ei eiga turgruppe, som inviterer til turar på tysdagar og sosial samankomst på onsdagar. Ingen av turane krev påmelding.

Då stadig fleire av dei tenestene me er mest avhengige av har vorte nettbaserte, har det vorte nærast naudsynt å meistra data og digitale verktøy. Seniornett Kvam vart etablert for å i større grad inkludera seniorar i den digitale kvardagen. Grannehjelpa arrangerer periodevise datakurs med fokus på tema som e-post, nettbank eller digipost. Skulle ein trenga assistanse utanom kursperioden, kan Grannehjelpa tilby datahjelp, anten gjennom datatreff eller etter avtale. Datatreff er leia av ei gruppe frivillige, som stundom gjev innføringar i aktuelle emne. Elles, fungerer datatreffet mest som ein møtestad, der deltakarane hjelper kvarandre. Følg med på nettsidene eller ta kontakt med Grannehjelpa, om du er interessert i datakurs, datahjelp eller datatreff.

Ein tysdag i månaden vert det halde hobbyverkstad i Gamleskulen på Norheim. Re-design handlar om å laga noko nytt av noko gamalt. Tilbodet har vist seg å vera populært, og er kanskje den fritidssysselen med størst aldersvariasjon blant deltakarane. Her er alle velkomne! For informasjon om tidspunkt, følg med på nettsidene eller ta direkte kontakt med Grannehjelpa.